Ny lokkehubro!

hubro

Plasthubro frå XXL pålimt fasanfjær.
Denna jobben tok meg 3 timar, men er absolutt verdt det om ein skal prøva å få skutt litt kråkefugl for hubroen.
No nærmar det seg hekking for kråkefuglane, og da likar dei veldig dårleg å ha store rovfugla i områda deirast.
Når eg set opp hubroen så kjem dei å vil angripa den. Dette gjev meg gode mulegheita til å få skotsjangsar.
Kråkefugl tek altfor mangen egg frå matvilt eg jaktar på, blant anna skogsfugl og ryper. For å få meir matvilt i skogen må ein få ned predatorar som kråkefugl, mår, rev og røyskatt. Desse jaktar eg på heile sesongen. Men i mårgo er det kråkene som skal få prøva seg mot lokkehubroen. Det endar som regel veldig dårleg for kråkene når dei vil jage bort lokke hubroen. :)
Og i mårgo blir det ekstra spennande med ny lokkehubro. :)

Under ser dykk bilder frå dei to andre turane i mars.

http://www.youtube.com/watch?v=RUqQSr-bxo0&feature=player_detailpage

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grava hjort

grava kjøtt

grava kjøtt

Det er veldig lett å laga til grava kjøtt. Under finn dykk oppskrifta mi.

Flatstykke/flatbiff av hjort ca 700-800 gram stykker
75 gram sukker og 75 gram salt pr kg kjøtt, (bedre å ha på for mykje, enn for lite)
Knust einebær
Finkutta gulrot
Finkutta purreløk

Framgangsmåte:

Halvparten av ingrediensane under kjøttet, og resten  på toppen av kjøttet.
Ha plastfilm over, og sett det i kjøleskap.

Dagen etter vil det ha danna seg ein lake.

Snu kjøttet 2 ganger dagleg i 3 dagar

Ta så kjøttet ut frå laken og tørk kjøttet godt med kjøkkenpapir.

Kjøttet skal liggje no i 4-5 dager i kjøleskap uten lake.

Klar til servering! Lykke til! :)

 

Server gjerne med tyttebærrømme til.

50/50 tyttebærsyltetøy og seterrømme
Rør veldig forsiktig
Salt/pepper

 

Hjortejakt i Skottland januar 2014

No har eg komen igjen frå ein fin jakttur i Skottland. 5 dagar med hjortejakt, og ein dag med fasan og kaninjakt.
Det blei felt om lag 80 hjort denne turen, 30 fasan, nokre kaniner, rev, hare, sikahjort og rådyr.

Me var 9 jegerar og under ser dykk bilder frå noko av jakta

..


Bra å ha med argotruck når hjorten skal hentast ned frå fjellet :)


Dagens fangst til 4 jegera


Etter jakta måtte me ha skikkeleg middag! :)


Meal More Logde i Kildermorie Estate

Fasanjakt var utruleg spennande. 5 drivarar med hundar jagde fasanar mot oss. Me burde hatt det dobbelte, men fasanen er rask på vingane og dei fleste skot gjekk nok bak. 30 fasan på over 100 skudd må vera greit for ferske fasanjegera. ;)

Skottland kaninjakt

Nokre av oss prøvde kaninjakt. For å få kaninene ut blei ein ilder tatt ned i kaninhulla. Det var ofte mangen hull i bakken, så kaninene kunne komma ut 15 meter lenger borte enn det ilderen blei slept ned i. Kaninjakta her byr på mangne skotsjangsa, og ein dagsfangst ligg ofte på 25-30 kaniner. Men her gjeld det å følgja godt med, for kanina kjem i stor fart ut av hulla. Kaninjakta er og ganske så rimeleg. 500-600,- pr pers ved 3-4 jegera.

Har du lyst å bli med på neste jakttur til Skottland så er det berre å ta kontakt på post@joarscatering.no
Eg kan og vera med som reiseledar og kokk. Det er berre å ta kontakt og spørja om pris.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hjortejakta 2013

Hadde mangen store jaktopplevingar i 2013. Dessverre har eg ikkje hatt tid til bloggen. Vore litt mykje som har skjedd dette året. Alt frå nedturen då restauranten min gjekk konkurs, til det største som har skjedd i livet mitt då eg blei pappa den 9 august. Eg har alikavel fått meg nokre turar i skogen, og 18 hjort fekk eg skote sjølv denne sesongen.

 


Fekk ein meget dårleg start på hjortejakta. Datt 5 meter ned frå eit jakttårn. Resultatet blei knust handledd og det måtte til ti skruar og to plater for å holda alt på plass. Men det skal seiast at eg fekk skote eit par hjort mens eg hadde gipsen på. ;)


Her var sesongens første bukk, liten 8 tagger på 60 kg. Fekk den på posteringsjakt ved ei hogstflate.


Så kom brunsten og det var tida for lokkejakt på bukk. Denne bukken høyrde eg 400-500 meter unna. Eg tok eit godt brøl siden avstanden var stor. Bukken svara med ein gong, og eg tok eit litt mindre brøl tilbake og satte meg ned for å venta. Eg høyrde på svaret frå bukken at denna ville komma inn. Etter 1 minutt såg eg den 200 meter lenger framme. Den kom i lett trav mot meg og stoppa ikkje før den var på ti meters hold. Me stod lenge å såg på kvarandre ansikt til ansikt. Eg kunne ikkje røra meg. Bukken såg det var noko, men var nyskjerrig og ville ta ein runde rundt meg for å vera meg. Da fekk eg breisida til og var kjapp på avtrekkaren. :)

Lokkejakt på bukk i brunsten er ubeskriveleg rått!


Måneskinet var bra i oktober. Noko av det mest spennande eg veit er å liggja ute om natta i måneskinet å høyra på bukkane brøla. Eg posterte i eit område eg hadde sett ein del feiingar og la meg ned i god tid for å venta. Når mørket kom brøla da 6 bukkar rundt meg. Men eg ville ikkje byrja å lokka før månen var heilt framme. Brått høyrde eg eit kraftigt hjortebrøl rett nedom meg, om lag 50 meter unna. Månen var delvis framme og i enden av flata eg satt på var det skytelys frå månen. Bukken brøla igjen, kun 30 meter unna. Så såg eg skyggen komme over myra og mot der månen lyste. Eg gjorde meg klar og fekk sjå bukken klart i kikkertsikte. Eg brøla til og den stoppa med breisida til. Eg var skjelven i kroppen så eg måtte bruka litt ekstra tid før eg trekte av, men kula satt perfekt i bogen og bukken datt om.

Det nærma seg slutten av brunsten, eg hadde att kolle/kalv og bukk i eit av terrenga mine. Eg hadde med to venner frå Oslo som aldri hadde vore på hjortejakt.
Om morgonen høyrde me nokre få brøl, så nokre bukkar var det framleis igjen i dalen. På slutten av brunsten trekker dei ut av terrenget.
Me bestemte oss for å postera om morgonen. Eg ville gå øverst og setta meg i ein sti som fører til ei elv der hjorten kryssar. Det er og ein fordel å gå opp langs elva siden støyen frå elva skjermar lyden av knekte kvistar og sprøtt løv i skogen. Eg kjende det stakk i nasen frå hjortebukk når eg gjekk oppover, og ikkje lenge etter såg eg hode til ein fin bukk over meg. Eg gjorde meg klar, og i det bukken røyste seg skaut eg. Det var ein fin bukk. Stort gevir, men slaktevekta var kun 75 kg.


Her er eine dalen eg jaktar i. Fint terreng med bøar som dyra kjem ut på om kveldane. Her er me på veg til å ta eit lite jag, eller stillejakt mot post som eg heller likar å kalla det. Det var mykje spor på bøen, så eg hadde god tru på at me skulle sjå hjort i skogen. Ein mann gjekk på post ved ein sti som er naturleg for hjorten å ta når den er støkka. Ein sti som fører hjorten ut av skogen og over til andre sida av dalen.

Det gjekk ikkje meir enn 5 minutt frå me gjekk inn i skogen til kolle med kalv og fjordyr kom på posten. Du kan seie da var litt av ein blid jeger me møtte på post.

Bålkos med grilla kalvelever! :) Smakte greit ;)

Ja det er verdt alt slitet! :)


I år var eg nesten litt for heldig. Eg hadde med jegerar, men hjorten stod der eg gjekk eller kom der eg satt. Totalt skaut eg 18 hjort av 23 hjort felt på kvota mi. Eg hadde 24 hjort på kvota så skal seia meg godt fornøgd med hjortejakta 2013. :)

Fin bukk frå hjortejakt i Skottland

 

 

 

 

 

 

 

Joar Søhoel, Årets Villmarkskokk 2013

Årets villmarkskokk 2013

Årets villmarkskokk

Det var utruleg stort for meg å bli kåra til Årets Villmarkskokk 2013. Jakt og matlaging har blitt min lidenskap, det å få ta med fisk, vilt, bær og sopp tilbake til restauranten min, og tilbereda det for mine gjester er noko eg stortrivast med. Denne prisen gav meg god motivasjon til å stå på vidare i restaurantbransjen.
Prosjektet mitt vidare er å få ut kokebok om ville matretter til november 2013.


Eg var og så heldig at eg fekk vera med på eit lite mat intervju med NRK Morgennytt
Her saman med Villmarksjenta Maria Grøntjernet som fekk kåringa som Årets Villmarking. :)

På menyen stod det baconrullade av hjort, fylt med soltørka tomat, sjalottlauk og blåskimmelost.
Rypebryst, blåbærsaus, stua aromasopp, urtebakte stjernepoteter og cherry tomater.

 

 

Isfiske på Jølstravatnet

I dag prøvde eg litt isfiske på Jølstravatnet saman med søskena Karianne og Gaute Bøyum, som er begge ivrige med både jakt og fiske.


Heilt fantastisk å sitja og slappa av i sola og nyta dagen! :)


Ikkje den største auren, men det er moro når fisken nappar! :)


Prøver å få fisken litt større! ;)


Reka frå Coop var favoritten til Jølstraauren! :)


Storfisken beit til slutt! :) Blir steikt aure på menyen til restauranten i mårgo! :)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lokkejakt på kråke med hubro og rev, 15 mars 2013


Her er eit bilde frå i fjor, 3 dagers jakt på kråkefugl i Lærdal, Mars 2012.
No nærma da seg vår og kråkene har byrja å bli hissige på større rovfugl for å få dei vekk frå sine hekkeplassar.
Den siste dagen for å jakta kråka i år prøvde eg, og fekk inn bra med kråker på lokk.


Strøken dag for kråkejakt, sol og litt svak vind. I finveret er kråkene aktive og vinden gjer at bevegelsane mine blir mindre synlege for kråka når det er litt bevegelsar i trær og busker.


Hubroen skal vera godt synleg i terrenget, helst i trekkruta til kråkene. Det er og viktig at hubroen ikkje er hengt opp for høgt i terrenget, da tørr ikkje kråkene å komma heilt ned på skothold. Her er hubroen i ein skråning der skjulet mitt er i høgde med hubroen. Kråkene her har overtaket på hubroen i lufta og tørr å komma heilt innpå for å jaga den vekk.

På hubroen har eg limt på fjær frå Røy og ei brun høna. Detta får hubroen til å sjå meir naturtro ut. Kråkene går 5 på og kjem igjen og igjen for å jaga vekk hubroen.

Her er skjulet eg har satt opp. Det går i eitt med terrenget og det er mørkt innvendigt slik at kråkene har liten sjangs til å sjå meg inne i skjulet. 3D kammo nett foran gjer at eg lett ser kråker som kjem inn.

Dagens skotne kråker. 22 stk blei funne igjen, men omlag 30 falt i bakken. To kongeørna var inne fleire ganger og tok med seg skotne kråker. Fantastisk syn å ha ørna inne på 5 meters hold over skjulet.
Eg prøvde og med ein frossen rev på bakken med ei kråka i kjeften. Det gjorde kråkene ekstra hissige.

Eg jaktar på kråke først og fremst fordi det byr på mykje action under jakta, og den byr på mange skuddsjangsar. Det er og veldig god viltforvaltning ved å få bort ein del eggerøverar. Skal skogsfugl og rypebestanden opp, må ein få ned bestanden av kråkefugl, rev, røyskatt og mår. Skotne kråker leggjer eg ut på reveåte eller graver ned, dessa flygande rottene  trur eg neppe er egna som menneskemat.

Fisketur i Sunnfjord


Strøkent ver og godt fiskebet, da kan ein nesten ikkje ha da bedre! :)


Storseien på kroken! :)



Fin sei til fiskekaker! :)


Linn er ein meistar å pilka, slo oss gutta ned i støvlane. :)


Her er Even som tok meg med på fisketuren i Sunnfjord. Han har drege opp fleire stortorskar her på 18-20 kg. Bestefaren til Even har rekorden her på 32 kg. Men det er i Mai-Juli stortorsken er her så da dreg me tilbake ein tur! :)


Så var da sløyinga, tek tid å sløya 150 kg fisk!


Hysa og seien frå fisketuren har no blitt til deilege fiskekake hamburgara som du kan få på Joars Restaurant i Sogndal! :)

 

 

 

Revejakt i Polen

Etter turen til Skottland bar da rett til Polen på revejakt. Her skulle me lokka på rev morgon og kveld, og litt hijakt midt på dagen.
Været blei desverre ikkje heilt egna til lokkejakt denna veka siden det var ein del vind, og regnet gjorde at reven la seg trygt og godt i hiet. (trudde den). Så jakta med hihund på dagtid bydde på mykje action.
Me jakta stort sett med hihund i dei halmballstakkane du ser under. Der er det lunt og godt for reven å liggja på dagtid.
Det var rev i omlag halvparten av halmballstakkane me sjekka. Bikkjene markerte fort om dei kjende revelukt og blei straks ivrige. Reven smatt som regel ut og inn i fleire hol før den til slutt rømde frå heile hiet. Då kunne me skyta siden me da hadde bedre oversikt over kor hundane var i forhold til reven. Når reven først hadde bestemd seg for å forlata hiet kom den som ei kula ut. Nokre ganger klarde eg å pløyga opp gjordet til bonden med haglesvermen, men nokre rev fekk eg no skote når eg lærte meg å sikta nok foran reven i fart.

 

 


På langsida der det var ingen hol bikkjene kunne smetta ut av kunne me skyta. Denne reven kom seg kun 3 meter lengre fram.


Her forlater reven halmballane i stor fart


To rever fekk eg skote frå halmballstakken i bakgrunnen. Den eine reven stakk inn igjen i halmstakken etter skotet, men hundane drog reven dau ut igjen. Veldig godt bikkjearbeid. :)


Høg puls og konsentrert! :)


Perfekte forhold for hijakt
I hiet her var det rev, men sidan det var kun ein inngang og ingen utgang blir det vanskeleg for bikkjene å jaga reven ut. Så her blei me ståande å høyra på bikkjelos i snøveret ei stund. Kaldt, men spennande.


Når vinden stilna fekk me lokka inn 5 rev tilsaman, 2 av dei fekk eg skote.

 


Utruleg moro når reven kjem inn på lokk. Denne kom heilt inn på 20 meter.

Ynskjer du å jakta rev,rådyr,hjort eller villsvin i Polen kan du ta kontakt med:
Wojciech på mail: hunters.adventure@gmail.com
Prisane på jakt i Polen er svært gunstige!

Sjå meir frå revejakta på bloggen til jaktogdvd.no