Hjortekalv i bratte vestlandslia

Hjortefall

Strålande sol, snedekte fjelltoppar og mykje hjort i lia gjorde dagen minnerik for ein ivrige hjortejegar.
Eg kjende ei stram hjortelukt som dreiv nedover hjortelia, etter nokre minuttar med kikkertspaning fekk eg sjå kodla med kalv 100 meter skrått øve meg. Eg fekk smygd meg i posisjon og fekk kalven fri. I dag måtte eg berre sitta og nyta utsikten og finveret, er ikkje mangen slike dager på vestlandet. Utpå dagen tok eg turen opp ved snøgrensa, der fekk eg sjå 14 hjorta som og slappa av i finveret. Men ein hjortekalv får vera nok å bera på ned igjen, men kjekt å sjå at det er bra liv i skogen.

 

hjortebør

hjortebør

 

Vil og informera litt om mørning av hjortevilt:

Mørning av hjort

Mørning av hjort

-Kjøttet bør aldri under 12 grader første døgnet
-Mørningstemperatur neste dager 3-6 grader
-Sett gjerne på ei kaldluft vifte for å få sirkulasjon i rommet
-Pass på i fuktig ver at kjøttet kan surne , sett da på meir luftsirkulasjon
-Alltid skjer i kjøtt med rein kniv, ellers vil det surna under mørning der den skitne kniven har satt spor
-Aldri ta på skinnet og så på kjøttet, da får du brunstsmak på kjøttet
-Alt som du vil bruke til kjøttdeig trenger ikkje mørning, kjøttkakene blir bedre uten mørna kjøtt
-Pass på i kuldeperioder at du setter på varmevifte på kjøttet eller fjellduk første døgnet så du ikkje øydeleggje mørningprosessen,
den stopper nemleg om kjøttet blir for nedkjølt og du vil aldri få det mørt igjen.
-Bruk aldri vatn om du har tenkt å vaske slaktet, bruk da heller blodet i dyret om du har vomskote. Tørk godt med fille og
spray heller på litt 7 % eddik.
-Sundskoten bog kan leggjast i eddikvatn over natta. Da er da lettare å reinska bogen neste dag.
-Ha alltid ei bøtte med såpevatn så du kan vaska hender og kniver under slakting.
-Det går fint an å partera ned hjorten og mørna vidara i vakumposar i kjøleskap.
-Skinnet kan med fordel henga på første døgnet i kuldeperioder, men sørg for god lufting i buken.

4 Comments

  1. Veidemannen 28. november 2012 09:57 Svar

    Hei!
    Flott jaktdag :-) Hadde du den turen i går?

    http://www.Bak7Fjell.com

    • Joar 28. november 2012 22:44 Svar

      Ja, det var ein av dei finaste jaktturane eg har vore på! :)

  2. Jon 22. januar 2013 21:09 Svar

    Hei! det du skriver ang vann til å vaske av slaktet med er ikke helt sannt. har da reist litt rundt i verden å jaktet, og i veldig mange land med minst like lange jakttradisjoner, og større vilttetthet enn oss, så tror jeg ikke det er så fryktelig galt å bruke kaldt rent vann, kontra å ha et slakt fult av magagørr. blodet forsviner fort og danner bare ei seig hinne over mage gørra. så det med vann ernok litt myte omspunnet..

    • Joar 8. februar 2013 22:22 Svar

      Vatn er det bateriar likar for å veksa. Uten tilgang på vatn dør bakteriane. Men får ein tørka opp slaktet etterpå kan det fortsatt gå bra. Har du søla til slaktet med jordbakteriar bør det vaskast ja, men da har du allerede øydelagt mykje for eit godt resultat på mørninga. Unngå å bruka vatn!

Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>