Hjortejakt i Skottland

Den 23 Januar drog eg til Skottland ei veka for å jakta hjort saman med Kristoffer Clausen, Ingvild Skare Thygesen (Farmen) og Frida Abramsson. Målet var å laga til siste del av hjortejakt filmen Kristoffer skal ha klar til messsa på Lillestrøm. Første del i filmen er filma frå jaktterrenget mitt heima med brølande hjortebukkar. No skulle det filmast jakt på kolle og kalv i Skottland. Hjortejakt i Skottland blir som reinsjakta i Norge, men hjorten har bedre utvikla syn enn reinen så jakta blei ikkje lett, sjølv om det var mykje dyr i terrenget. Men det var noko av det som gjorde jakta ekstra spennande når du måtte vera fokusert som jegar og gjera alt riktig for å lukkast. Du kan tru pulsen var høg når ein hadde sneke seg innpå dyr frå 500 meter til ein var innanfor riflehold.

Me reiste med jaktreise selskapet Direct Sporting Lets (www.directsportinglets.co.uk/)


Her budde me i ei veka. Her hadde alle kvert sitt soverom med eige bad.
Felles stor peisstova, stort kjøkken og ei koseleg spisestue med plass til 20 personer
Kokken leid ingen nød!


Peisstova


Kjøkkenet


Spisestova


Kristoffer og Joar i action


Liten pust i bakken, ein måtte vera i god form for å følgja guiden Andrew i fjellet


Foto: Frida Abramsson


Foto: Frida Abramsson


Min første skotske hjort


Ingvild Skare Thygesen med sin første hjort
Når ein skyter sin aller første hjort er tradisjonen i Skottland:


Blod i trynet! :)


Frida Abramsson med sin første hjort


Min andre av totalt 9 felte hjort i Skottland


Her sitter me å venter på at guidene hentar ned hjortane me har skote i dag. Når ein er på tur er det greit å vera litt bortskjemt.


Til hausten igjen kan ein ned å få jakta på hjortebukkane. Januar og februar er det kun jakt på kolle og kalv.


Bukkestamma i Skottland er veldig bra når dei KUN skyter gamle bukker før dei går på retur.


Dåhjort i midten

Takkar Direct Sporting Lets for fantastisk tur og god service.
Skal du på messa i Lillestrøm finn du dei på standen rett over Kristoffer Clausen. Eg kan virkeleg anbefale deg til å bestilla din drøymereisa gjennom Direct Sporting Lets. Her får du mykje for pengane og du tømmer heller ikkje lommeboka.

Er dykk ei gruppa på 8 personer eller meir kan dykk få med meg som kokk for 250,- per pers for dagen.
For mindre grupper koster det noko meir.

Da lager eg til 3 retter på kvelden, der dykk kun betaler for råvarene og leige av meg.

Du finn Direct Sporting Lets og på FACEBOOK

 

 
 

Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>