Hjortejakt i Skottland januar 2014

No har eg komen igjen frå ein fin jakttur i Skottland. 5 dagar med hjortejakt, og ein dag med fasan og kaninjakt.
Det blei felt om lag 80 hjort denne turen, 30 fasan, nokre kaniner, rev, hare, sikahjort og rådyr.

Me var 9 jegerar og under ser dykk bilder frå noko av jakta

..


Bra å ha med argotruck når hjorten skal hentast ned frå fjellet :)


Dagens fangst til 4 jegera


Etter jakta måtte me ha skikkeleg middag! :)


Meal More Logde i Kildermorie Estate

Fasanjakt var utruleg spennande. 5 drivarar med hundar jagde fasanar mot oss. Me burde hatt det dobbelte, men fasanen er rask på vingane og dei fleste skot gjekk nok bak. 30 fasan på over 100 skudd må vera greit for ferske fasanjegera. ;)

Skottland kaninjakt

Nokre av oss prøvde kaninjakt. For å få kaninene ut blei ein ilder tatt ned i kaninhulla. Det var ofte mangen hull i bakken, så kaninene kunne komma ut 15 meter lenger borte enn det ilderen blei slept ned i. Kaninjakta her byr på mangne skotsjangsa, og ein dagsfangst ligg ofte på 25-30 kaniner. Men her gjeld det å følgja godt med, for kanina kjem i stor fart ut av hulla. Kaninjakta er og ganske så rimeleg. 500-600,- pr pers ved 3-4 jegera.

Har du lyst å bli med på neste jakttur til Skottland så er det berre å ta kontakt på post@joarscatering.no
Eg kan og vera med som reiseledar og kokk. Det er berre å ta kontakt og spørja om pris.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>