Hjortejakt

Hjortebukk
13 tagger på brølejakt
Hjortebukk
14 tagger på brølejakt

9 og 10 oktober 2010 er to dagar som kjem til å sitja lenge i jeger minnet mitt.
Kristoffer Clausen kom på besøk for å prøva å få ein brølebukk festa på film.
Eg var sjølvsagt veldig nærvøs for at jakta ikkje skulle gå bra, eller kanskje det ikkje var brølebukk i terrenget denne dagen.

Men det var nok ein dag eg skulle ha sendt inn lottokupongen.
Første jaktdagen fekk eg min første store hjortebukk, ein 13 tagger med slaktevekt på 140 kg. Den kom brølande i mot oss, og kom inn på 15 meter før eg fekk bogen fri. Det var min største jaktoppleving nokon gang.
Eg hadde to bukkeløyver, så me prøvde igjen neste dag. Og ikkje meir ein 500 meter opp i terrenget høyrde me bukk som brøla. Etter mykje kråling og smyging, stod me kun 40 meter frå ein stor brølande bukk og to koller.
Det var tett rundt oss, så det var vanskeleg å få skotsjangse på bukken som jaga brølande etter kollene.
Me låg flate i nesten ein time med bukken brølande rundt.
Til slutt kom bukken ut i meir open skog og denne sjangsen fekk eg utnytta.
Bukken hadde 14 taggar og slaktevekt på 160 kg.  168,56 poeng
 Her kan du sjå trailer til jakt på hjortebukker!
Filmen kjøper du på www.jaktogdvd.no

Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>