Hjortejakta 2013

Hadde mangen store jaktopplevingar i 2013. Dessverre har eg ikkje hatt tid til bloggen. Vore litt mykje som har skjedd dette året. Alt frå nedturen då restauranten min gjekk konkurs, til det største som har skjedd i livet mitt då eg blei pappa den 9 august. Eg har alikavel fått meg nokre turar i skogen, og 18 hjort fekk eg skote sjølv denne sesongen.

 


Fekk ein meget dårleg start på hjortejakta. Datt 5 meter ned frå eit jakttårn. Resultatet blei knust handledd og det måtte til ti skruar og to plater for å holda alt på plass. Men det skal seiast at eg fekk skote eit par hjort mens eg hadde gipsen på. ;)


Her var sesongens første bukk, liten 8 tagger på 60 kg. Fekk den på posteringsjakt ved ei hogstflate.


Så kom brunsten og det var tida for lokkejakt på bukk. Denne bukken høyrde eg 400-500 meter unna. Eg tok eit godt brøl siden avstanden var stor. Bukken svara med ein gong, og eg tok eit litt mindre brøl tilbake og satte meg ned for å venta. Eg høyrde på svaret frå bukken at denna ville komma inn. Etter 1 minutt såg eg den 200 meter lenger framme. Den kom i lett trav mot meg og stoppa ikkje før den var på ti meters hold. Me stod lenge å såg på kvarandre ansikt til ansikt. Eg kunne ikkje røra meg. Bukken såg det var noko, men var nyskjerrig og ville ta ein runde rundt meg for å vera meg. Da fekk eg breisida til og var kjapp på avtrekkaren. :)

Lokkejakt på bukk i brunsten er ubeskriveleg rått!


Måneskinet var bra i oktober. Noko av det mest spennande eg veit er å liggja ute om natta i måneskinet å høyra på bukkane brøla. Eg posterte i eit område eg hadde sett ein del feiingar og la meg ned i god tid for å venta. Når mørket kom brøla da 6 bukkar rundt meg. Men eg ville ikkje byrja å lokka før månen var heilt framme. Brått høyrde eg eit kraftigt hjortebrøl rett nedom meg, om lag 50 meter unna. Månen var delvis framme og i enden av flata eg satt på var det skytelys frå månen. Bukken brøla igjen, kun 30 meter unna. Så såg eg skyggen komme over myra og mot der månen lyste. Eg gjorde meg klar og fekk sjå bukken klart i kikkertsikte. Eg brøla til og den stoppa med breisida til. Eg var skjelven i kroppen så eg måtte bruka litt ekstra tid før eg trekte av, men kula satt perfekt i bogen og bukken datt om.

Det nærma seg slutten av brunsten, eg hadde att kolle/kalv og bukk i eit av terrenga mine. Eg hadde med to venner frå Oslo som aldri hadde vore på hjortejakt.
Om morgonen høyrde me nokre få brøl, så nokre bukkar var det framleis igjen i dalen. På slutten av brunsten trekker dei ut av terrenget.
Me bestemte oss for å postera om morgonen. Eg ville gå øverst og setta meg i ein sti som fører til ei elv der hjorten kryssar. Det er og ein fordel å gå opp langs elva siden støyen frå elva skjermar lyden av knekte kvistar og sprøtt løv i skogen. Eg kjende det stakk i nasen frå hjortebukk når eg gjekk oppover, og ikkje lenge etter såg eg hode til ein fin bukk over meg. Eg gjorde meg klar, og i det bukken røyste seg skaut eg. Det var ein fin bukk. Stort gevir, men slaktevekta var kun 75 kg.


Her er eine dalen eg jaktar i. Fint terreng med bøar som dyra kjem ut på om kveldane. Her er me på veg til å ta eit lite jag, eller stillejakt mot post som eg heller likar å kalla det. Det var mykje spor på bøen, så eg hadde god tru på at me skulle sjå hjort i skogen. Ein mann gjekk på post ved ein sti som er naturleg for hjorten å ta når den er støkka. Ein sti som fører hjorten ut av skogen og over til andre sida av dalen.

Det gjekk ikkje meir enn 5 minutt frå me gjekk inn i skogen til kolle med kalv og fjordyr kom på posten. Du kan seie da var litt av ein blid jeger me møtte på post.

Bålkos med grilla kalvelever! :) Smakte greit ;)

Ja det er verdt alt slitet! :)


I år var eg nesten litt for heldig. Eg hadde med jegerar, men hjorten stod der eg gjekk eller kom der eg satt. Totalt skaut eg 18 hjort av 23 hjort felt på kvota mi. Eg hadde 24 hjort på kvota så skal seia meg godt fornøgd med hjortejakta 2013. :)

Fin bukk frå hjortejakt i Skottland

 

 

 

 

 

 

 

Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>