Joar Søhoel, Årets Villmarkskokk 2013

Årets villmarkskokk 2013

Årets villmarkskokk

Det var utruleg stort for meg å bli kåra til Årets Villmarkskokk 2013. Jakt og matlaging har blitt min lidenskap, det å få ta med fisk, vilt, bær og sopp tilbake til restauranten min, og tilbereda det for mine gjester er noko eg stortrivast med. Denne prisen gav meg god motivasjon til å stå på vidare i restaurantbransjen.
Prosjektet mitt vidare er å få ut kokebok om ville matretter til november 2013.


Eg var og så heldig at eg fekk vera med på eit lite mat intervju med NRK Morgennytt
Her saman med Villmarksjenta Maria Grøntjernet som fekk kåringa som Årets Villmarking. :)

På menyen stod det baconrullade av hjort, fylt med soltørka tomat, sjalottlauk og blåskimmelost.
Rypebryst, blåbærsaus, stua aromasopp, urtebakte stjernepoteter og cherry tomater.

 

 

Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>