Lokkejakt på kråke med hubro og rev, 15 mars 2013


Her er eit bilde frå i fjor, 3 dagers jakt på kråkefugl i Lærdal, Mars 2012.
No nærma da seg vår og kråkene har byrja å bli hissige på større rovfugl for å få dei vekk frå sine hekkeplassar.
Den siste dagen for å jakta kråka i år prøvde eg, og fekk inn bra med kråker på lokk.


Strøken dag for kråkejakt, sol og litt svak vind. I finveret er kråkene aktive og vinden gjer at bevegelsane mine blir mindre synlege for kråka når det er litt bevegelsar i trær og busker.


Hubroen skal vera godt synleg i terrenget, helst i trekkruta til kråkene. Det er og viktig at hubroen ikkje er hengt opp for høgt i terrenget, da tørr ikkje kråkene å komma heilt ned på skothold. Her er hubroen i ein skråning der skjulet mitt er i høgde med hubroen. Kråkene her har overtaket på hubroen i lufta og tørr å komma heilt innpå for å jaga den vekk.

På hubroen har eg limt på fjær frå Røy og ei brun høna. Detta får hubroen til å sjå meir naturtro ut. Kråkene går 5 på og kjem igjen og igjen for å jaga vekk hubroen.

Her er skjulet eg har satt opp. Det går i eitt med terrenget og det er mørkt innvendigt slik at kråkene har liten sjangs til å sjå meg inne i skjulet. 3D kammo nett foran gjer at eg lett ser kråker som kjem inn.

Dagens skotne kråker. 22 stk blei funne igjen, men omlag 30 falt i bakken. To kongeørna var inne fleire ganger og tok med seg skotne kråker. Fantastisk syn å ha ørna inne på 5 meters hold over skjulet.
Eg prøvde og med ein frossen rev på bakken med ei kråka i kjeften. Det gjorde kråkene ekstra hissige.

Eg jaktar på kråke først og fremst fordi det byr på mykje action under jakta, og den byr på mange skuddsjangsar. Det er og veldig god viltforvaltning ved å få bort ein del eggerøverar. Skal skogsfugl og rypebestanden opp, må ein få ned bestanden av kråkefugl, rev, røyskatt og mår. Skotne kråker leggjer eg ut på reveåte eller graver ned, dessa flygande rottene  trur eg neppe er egna som menneskemat.

Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>