Lokkjakt med hubro

jakt med hubro

jakt med hubro

 

lokkjakt kråke

Jakt med hubro

 Tips til lokkejakt med hubro:

-Skjul: Lag eit godt skjul som ser så naturleg ut som muleg. Einaste synlege åpningen skal vera skyteglugga.  35 cm høg og 1 meter breid fungera bra. Viktig at ein har plass til å få svinga hagla i opninga.
-Hubro: Mal plasthubroen brun, eller lim på fjær frå f.eks røy. Den som blir seldt på butikken i dag er for lys.
 Kapp av botnen på hubroen og sett inn eit røyr som når heilt til hodet, med ein diameter på ca 10 cm. Røyret festar du etterpå med byggskum. Då er den mykje enklare å få festa på staur eller i treet.
-Ei død kråka i kløra på hubroen  får kråkene ekstra hissige. Fungera og bra å leggja ei oppflenga kråka på bakken under hubroen når det er snø.
-Kamuflasje: Bruk hanska og ansiktmaska, i tillegg til mørk jaktdress.
Kråka ser fargar og bevegelsar godt. Prøv å få det så mørkt inne i sjulet som muleg. Da blir bevegelsane dine mindre synlege for kråka.
-Når kråka kjem, så sitt i ro, og gå kun fram i skyteglugga når kråka er bak deg, eller på veg inn frå sida. Går du ut for tidleg når kråka er rett i mot deg, vil den sjå deg med ein gang, og stikka av.
-Får du ikkje skote fuglane som kjem inn og du blir avslørt, er kråkene vanskelege å få tilbake. Dei vil og hugsa deg i lang tid og vera vanskelege å få lokka inn igjen på andre dager.
-Lokkefløyter, fungera bra på nye plasser. Anbefaler Critt`r call hareskrikfløyte og handlaga kråkelokk som du får kjøp på jaktogdvd.no. Ikkje overdriv lokkinga, kråkene blir fort skeptiske.
-Plassering av hubro: Prøv å få den så synleg som muleg. Men ikkje sett den på den høgaste plassen i området. Då blir kråkene ikkje så tøffe å komma innpå. Sitter hubroen godt synleg, men med trær rundt som kråkene kan landa i , som er høgare enn der hubroen er, blir dei mykje tøffare. Ofte skyt eg kråker som setter seg å gneldra i trea attmed hubroen.
Eg likar å plassera hubroen 15-20 meter frå meg og ca 3-5 meter over bakken. Alt etter kor høge trea er rundt.
Ei flate i ei skråning er bra å sette opp sjulet slik at du kjem på høgde med kråkene som kjem inn.
-Ammo: Har prøvd mange sorter ammo, men Nitro steel magnum remington 35 gram er den klart beste til mitt våpen. Str 6 fungera bra på kråka, men eg likar å bruka str 4 sidan det og  kjem inn ravn på hubroen.
- Kråke/ravnlyder på cd-spelar.
Fungera bra med ein gang, men blir du avslørt så er det bedre å sitta i ro å venta.
Du finn desse lydfilane på www.svartkrutt.no
-Skoten fugl: La dei liggja til jaktdagen er over. Ser kråkene deg så kjem dei ikkje tilbake.
-Jakttid: Best i feb-mars mot hekkinga. Men det bør vera 8-10 grader før fuglane er skikkeleg aktive. Om vinteret går dei som andre fuglar og dyr på sparebluss. Åtejakt kan då vera bedre.
Ellers er det best å jakta frå morgon til føremiddag. Men ver klar i sjulet og ha hubroen oppe før det lysnar. Ser kråkene deg når du setter opp sjul eller hubro, har du øydelagd mykje for ein god jaktdag.
-Jaktver: Mykje vind eller regn er det lite fugl i lufta.
-Tester visar at kråkefuglane er meget smarte fuglar med god hukommelse. Så derfor kan du ikkje gjera noko feil under denne formen for jakt. Har kråkene skjønt at du lurer dei, så vil dei ikkje bry seg med hubroen lenger. Så da er det berre å skifta plass.
-Bruk ein finversdag til å sjå etter gode kråketrekk. Dei følgjer desse kvar morgon og kveld. Skal du lukkast må du planleggja godt kor det er best å setta opp sjulet i forhold til kråketrekket. Eg likar  å setta mitt inntil ein tett skog som dempar ned smellen frå hagla. Då er det mindre sjangse for å skremma fugla på veg i trekket.

Var med Kristoffer ein dag på kråkefugl jakt, sjå trailer under:


 

 

2 Comments

  1. Jonas 25. desember 2013 12:50 Svar

    Hei, Joar. Har vært så heldig å få Hubro til jul, så nå skal jeg prøve meg på lokkejakt på kråke, med de tipsene og rådene jeg har lest her hos deg!
    men det du sier er at du ikke skal hente kråkene før jakta er over. Kristoffer hentet jo hver eneste kråke!
    Hva var grunnen til det!?;)

    mvh

    Ivrig jeger på 20 år!

    • Joar 21. januar 2014 09:30 Svar

      Ikkje la for mangen kråker og ravn bli liggjande rundt. Meir enn 10 stk så bør du ta bort nokre. Ligg dei veldig synleg så skremmer det kråka, men på slutten av sesongen så blir dei berre endå meir hissige av å sjå døde kråker rundt hubroen, siden dei vil jage vekk alt av større predatorer før hekkinga. Men unngå å bli sett av andre kråker.

Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>