Dvd om ville matretter

Tiurbryst

Tiurbryst surra inn med seranoskinka, sjalottløk og spinat.

Servert med bakt potet med urtesmør, cherrytomater, asparges, steikt sopp og blåbærsaus

 

Hjort med couscos

Grillspyd med hjort og couscous

Grillspyd med hjort, steinsopp, rosenkål, bacon og glaserte plommer
Couscous med steikte kantareller, sjalottløk og tørka tranebær

Ville matretter

DVD om ville matretter

 

 

 

Hjortejakt

Joar Søhoel og Kristoffer Clausen

Kristoffer med spissbukk og eg med eit ungdyr

Nysnøen som kom om natta gjorde da ekstra spennande å følgja ferske hjortetråkk i lia.
Kristoffer Clausen fekk seg ein fin spissbukk og eg ei  fjordårskolla. Morro når det klaffa
slik som i dag. :)

 

Dvd innspeling om ville matrettar

Rypebryst

Rypebryst

 

Rypebryst med smørsteik asparges, glaserte gulrøtter, raudvinsaus og røstipoteter

Oppskrift og framgangsmåte får du i matdvden som kjem ut om ikkje lenge!

 

Tiurbryst

Tiurbryst

 

Tiurbryst servert med krema viltsaus, steikt sopp,løk, spinat og fløytegratinerte poteter!

Oppskrift og framgangsmåte får du i matdvden som kjem ut om ikkje lenge!

 

Grava reinsdyr

Grava reinsdyr

 

Grava reinsdyrfilet servert med marinert salat og tyttebærrømme.

Oppskrift og framgangsmåte får du i matdvden som kjem ut om ikkje lenge!

 

Baconrullade av hjort

Baconrullade av hjort

 

Baconrullade av hjort, servert med soppsaus, bakt stjernepotet, sukkererter og cherrytomat

Oppskrift og framgangsmåte får du i matdvden som kjem ut om ikkje lenge!

Finnbiffgryte

Finnbiffgryte

Finnbiffgryta, servert med ris og frisk salat.

Oppskrift og framgangsmåte får du i matdvden som kjem ut om ikkje lenge!

 

Vilthamburger

Vilthamburger

 

Vilthamburger med ost & bacon. Servert med frisk salat og coleslow.

Oppskrift og framgangsmåte får du i matdvden som kjem ut om ikkje lenge!

 

Haregryte

Haregryte

Raudvinskokt haregryta, servert med brokkoli, bakt tomat og potetpure.

Oppskrift og framgangsmåte får du i matdvden som kjem ut om ikkje lenge!

 

 

Brownies

brownies

brownies

 

 

 

 

600 gram smør og 600 gram sjokolade smeltast saman og avkjølast litt

8 egg og 9 dl sukker piskast til eggedosis og vend det saman med smelta sjokoladen og smøret.

12,5 dl mjøl og 6 ts bakepulver og 9 plater kvit sjokolade i små bitar vendast inn til slutt.

175 grader i 18 min. Ikkje steik den lenger sjølv om den ser rå ut. Den er ferdig. Setjast i kjøleskap i 1 time før servering.

 

Lokkjakt med hubro

jakt med hubro

jakt med hubro

 

lokkjakt kråke

Jakt med hubro

 Tips til lokkejakt med hubro:

-Skjul: Lag eit godt skjul som ser så naturleg ut som muleg. Einaste synlege åpningen skal vera skyteglugga.  35 cm høg og 1 meter breid fungera bra. Viktig at ein har plass til å få svinga hagla i opninga.
-Hubro: Mal plasthubroen brun, eller lim på fjær frå f.eks røy. Den som blir seldt på butikken i dag er for lys.
 Kapp av botnen på hubroen og sett inn eit røyr som når heilt til hodet, med ein diameter på ca 10 cm. Røyret festar du etterpå med byggskum. Då er den mykje enklare å få festa på staur eller i treet.
-Ei død kråka i kløra på hubroen  får kråkene ekstra hissige. Fungera og bra å leggja ei oppflenga kråka på bakken under hubroen når det er snø.
-Kamuflasje: Bruk hanska og ansiktmaska, i tillegg til mørk jaktdress.
Kråka ser fargar og bevegelsar godt. Prøv å få det så mørkt inne i sjulet som muleg. Da blir bevegelsane dine mindre synlege for kråka.
-Når kråka kjem, så sitt i ro, og gå kun fram i skyteglugga når kråka er bak deg, eller på veg inn frå sida. Går du ut for tidleg når kråka er rett i mot deg, vil den sjå deg med ein gang, og stikka av.
-Får du ikkje skote fuglane som kjem inn og du blir avslørt, er kråkene vanskelege å få tilbake. Dei vil og hugsa deg i lang tid og vera vanskelege å få lokka inn igjen på andre dager.
-Lokkefløyter, fungera bra på nye plasser. Anbefaler Critt`r call hareskrikfløyte og handlaga kråkelokk som du får kjøp på jaktogdvd.no. Ikkje overdriv lokkinga, kråkene blir fort skeptiske.
-Plassering av hubro: Prøv å få den så synleg som muleg. Men ikkje sett den på den høgaste plassen i området. Då blir kråkene ikkje så tøffe å komma innpå. Sitter hubroen godt synleg, men med trær rundt som kråkene kan landa i , som er høgare enn der hubroen er, blir dei mykje tøffare. Ofte skyt eg kråker som setter seg å gneldra i trea attmed hubroen.
Eg likar å plassera hubroen 15-20 meter frå meg og ca 3-5 meter over bakken. Alt etter kor høge trea er rundt.
Ei flate i ei skråning er bra å sette opp sjulet slik at du kjem på høgde med kråkene som kjem inn.
-Ammo: Har prøvd mange sorter ammo, men Nitro steel magnum remington 35 gram er den klart beste til mitt våpen. Str 6 fungera bra på kråka, men eg likar å bruka str 4 sidan det og  kjem inn ravn på hubroen.
- Kråke/ravnlyder på cd-spelar.
Fungera bra med ein gang, men blir du avslørt så er det bedre å sitta i ro å venta.
Du finn desse lydfilane på www.svartkrutt.no
-Skoten fugl: La dei liggja til jaktdagen er over. Ser kråkene deg så kjem dei ikkje tilbake.
-Jakttid: Best i feb-mars mot hekkinga. Men det bør vera 8-10 grader før fuglane er skikkeleg aktive. Om vinteret går dei som andre fuglar og dyr på sparebluss. Åtejakt kan då vera bedre.
Ellers er det best å jakta frå morgon til føremiddag. Men ver klar i sjulet og ha hubroen oppe før det lysnar. Ser kråkene deg når du setter opp sjul eller hubro, har du øydelagd mykje for ein god jaktdag.
-Jaktver: Mykje vind eller regn er det lite fugl i lufta.
-Tester visar at kråkefuglane er meget smarte fuglar med god hukommelse. Så derfor kan du ikkje gjera noko feil under denne formen for jakt. Har kråkene skjønt at du lurer dei, så vil dei ikkje bry seg med hubroen lenger. Så da er det berre å skifta plass.
-Bruk ein finversdag til å sjå etter gode kråketrekk. Dei følgjer desse kvar morgon og kveld. Skal du lukkast må du planleggja godt kor det er best å setta opp sjulet i forhold til kråketrekket. Eg likar  å setta mitt inntil ein tett skog som dempar ned smellen frå hagla. Då er det mindre sjangse for å skremma fugla på veg i trekket.

Var med Kristoffer ein dag på kråkefugl jakt, sjå trailer under:


 

 

Hjortejakt

Hjortebukk
13 tagger på brølejakt
Hjortebukk
14 tagger på brølejakt

9 og 10 oktober 2010 er to dagar som kjem til å sitja lenge i jeger minnet mitt.
Kristoffer Clausen kom på besøk for å prøva å få ein brølebukk festa på film.
Eg var sjølvsagt veldig nærvøs for at jakta ikkje skulle gå bra, eller kanskje det ikkje var brølebukk i terrenget denne dagen.

Men det var nok ein dag eg skulle ha sendt inn lottokupongen.
Første jaktdagen fekk eg min første store hjortebukk, ein 13 tagger med slaktevekt på 140 kg. Den kom brølande i mot oss, og kom inn på 15 meter før eg fekk bogen fri. Det var min største jaktoppleving nokon gang.
Eg hadde to bukkeløyver, så me prøvde igjen neste dag. Og ikkje meir ein 500 meter opp i terrenget høyrde me bukk som brøla. Etter mykje kråling og smyging, stod me kun 40 meter frå ein stor brølande bukk og to koller.
Det var tett rundt oss, så det var vanskeleg å få skotsjangse på bukken som jaga brølande etter kollene.
Me låg flate i nesten ein time med bukken brølande rundt.
Til slutt kom bukken ut i meir open skog og denne sjangsen fekk eg utnytta.
Bukken hadde 14 taggar og slaktevekt på 160 kg.  168,56 poeng
 Her kan du sjå trailer til jakt på hjortebukker!
Filmen kjøper du på www.jaktogdvd.no