Revejakt i Polen

Etter turen til Skottland bar da rett til Polen på revejakt. Her skulle me lokka på rev morgon og kveld, og litt hijakt midt på dagen.
Været blei desverre ikkje heilt egna til lokkejakt denna veka siden det var ein del vind, og regnet gjorde at reven la seg trygt og godt i hiet. (trudde den). Så jakta med hihund på dagtid bydde på mykje action.
Me jakta stort sett med hihund i dei halmballstakkane du ser under. Der er det lunt og godt for reven å liggja på dagtid.
Det var rev i omlag halvparten av halmballstakkane me sjekka. Bikkjene markerte fort om dei kjende revelukt og blei straks ivrige. Reven smatt som regel ut og inn i fleire hol før den til slutt rømde frå heile hiet. Då kunne me skyta siden me da hadde bedre oversikt over kor hundane var i forhold til reven. Når reven først hadde bestemd seg for å forlata hiet kom den som ei kula ut. Nokre ganger klarde eg å pløyga opp gjordet til bonden med haglesvermen, men nokre rev fekk eg no skote når eg lærte meg å sikta nok foran reven i fart.

 

 


På langsida der det var ingen hol bikkjene kunne smetta ut av kunne me skyta. Denne reven kom seg kun 3 meter lengre fram.


Her forlater reven halmballane i stor fart


To rever fekk eg skote frå halmballstakken i bakgrunnen. Den eine reven stakk inn igjen i halmstakken etter skotet, men hundane drog reven dau ut igjen. Veldig godt bikkjearbeid. :)


Høg puls og konsentrert! :)


Perfekte forhold for hijakt
I hiet her var det rev, men sidan det var kun ein inngang og ingen utgang blir det vanskeleg for bikkjene å jaga reven ut. Så her blei me ståande å høyra på bikkjelos i snøveret ei stund. Kaldt, men spennande.


Når vinden stilna fekk me lokka inn 5 rev tilsaman, 2 av dei fekk eg skote.

 


Utruleg moro når reven kjem inn på lokk. Denne kom heilt inn på 20 meter.

Ynskjer du å jakta rev,rådyr,hjort eller villsvin i Polen kan du ta kontakt med:
Wojciech på mail: hunters.adventure@gmail.com
Prisane på jakt i Polen er svært gunstige!

Sjå meir frå revejakta på bloggen til jaktogdvd.no

 

 

Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>